Fortsätt
0

Utsøkt turmeny for Sogn

Utsøkt turmeny for Sogn

I boka Opptur Sogn har forfattar Torkjell Djupedal valt dei 93 finaste turane i eit av dei vakraste områda i Norge. Ein treng ikkje undrast på kva ein skal gjere i sommar. Sogn ventar. 

Eit svært krevjande arbeid ligg bak praktboka, som er utgjeve på det svenske forlaget Calazo. Ho er fylt med solide tekstar om kvar enkelt tur, gode bilete og ikkje minst kart.

– Å velje turar har vore som å velje alt på øvste hylle. Dei 93 eg valde ut er nokre av dei aller beste konfektbitane i Sogn, seier forfattar Torkjell Djupedal. Som ein gallerist kuraterer kunst, har han kuratert turmenyen langs Sognefjorden, Nærøyfjorden og Jostedalsbreen. Kvar tekst er mykje meir enn informasjon om turen frå A til B. Her er kulturhistorie, naturhistorie, kuriøse detaljar og anna som er kjekt å vite om tur og område. Alt er kvalitetssikra av lokalkjente folk. Opptur Sogn ikkje er nokon lettvektar, bokstaveleg talt. 

– Boka veg 1200 gram. Ho er ei inspirasjonskjelde. Du skal ikkje bære ho med deg i sekken, men finne ein tur du gjerne vil gå. Når du har valt, finn du QR-koden på kartet som følgjer turen, og opnar han på din eigen smarttelefon. Enklare blir det ikkje.

Samarbeid på tvers

Djupedal bur i Førde. Han er friluftsmann på sin hals, lommekjend i heile Sogn og har jobba tett med folk i alle kommunar og turlag for utvalet av turar. 

– Eg har hatt svært gode hjelparar, både i planlegging og gjennomføring. Mange er turkameratar. Dei har gjeve god informasjon og  lese korrektur på tekst, og fylt på med bilete der mine ikkje er gode nok, seier Djupedal, og legg til:

– Med eit slikt detaljnivå som vi har i Opptur Sogn, ville det vore umogleg å lage bok utan dei som bidrar med sin kompetanse og lokalkunnskap. Saman har vi valt dei mest brukte, finaste og beste turane – frå Aurland via Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og ut til Ytre Sogn og Lihesten i Hyllestad som siste tur i boka.

 

Inspirert i Alpane

Det byrja med ein ferie i Alpane for vel 25 år sida. Forleggaren og forfattaren Djupedal likte turistbrosjyrane og flyfoto, som viste terreng og turruter. Reint visuelle var dei. Så enkle. Ein såg raskt kor ein skulle gå. Kva, tenkte Djupedal, om vi kunne få til noko slikt heime, kanskje i ei god bok med turar frå Vestlandet. 

Heime i Norge snakka han med nokre kollegaer og venner. Ein av dei, Finn Loftesnes, var flyfotograf og tente på ideen. Forfattar og fjelloppsyn Anne Rudsengen likte òg prosjektet, og vart med som forfattar. I 2005 kom den aller første Opptur-boka på Selja Forlag, Opptur Sogn og Fjordane. Det vart ein suksess. Ho er seld i over 20 000 eksemplar og trykt i sju opplag. Sidan kom ei heil rekke med Opptur-bøker, blant anna frå Jotunheimen, Nordfjord, Bergen, Oslo og ytre Sunnmøre. Opptur Sogn er nummer 17 i rekka.

– Alle Opptur-bøkene har fått mykje merksemd og har vore svært populære. For meg, som har vore med på heile denne reisa, har det vore eit eventyr, seier Djupedal.

Frå flyfoto til kart

Dei som allereie kjenner Opptur-serien vil raskt sjå at Opptur Sogn er mykje lik dei andre bøkene, men noko er endra. Boka har nytt format, har stive permar, og i staden for flyfoto som illustrasjon over turen, er det no kart med QR-kode.

–Vi har valt turar som er godt merkte og alle turforslaga har eit konkret startpunkt. Dette meiner eg er noko av det viktigaste når ein kjem med forslag til turar. Om ein aldri har vore der før, skal ein vite kor ein kan parkere og starte. Er det ikkje god plass til å setje frå seg bilen, vil ikkje eg anbefale turen. Då blir det berre kaos.

Opptur inn i framtida

I over 20 år har han utvikla Opptur-serien, ein turboksuksess utan sidestykke i Norge. Men livet tikkar og det er ei tid for alt. For fem år sida byrja Djupedal å leite etter nokon som kunne ta Opptur-konseptet inn i framtida, med tanke på meir tid til å vere forfattar og mindre tid til å vere forlagsredaktør. Han jakta høgt og lågt. Då han såg karta til det svenske forlaget Calazo og oppdaga at dei også publiserte bøker, kjente han seg letta.

– Dei hadde gjeve ut to turbøker i Norge og har ambisjonar om meir. Vi har samarbeidd godt undervegs med Opptur Sogn. Ikkje minst har dei omfamna at boka er på nynorsk. Det tykkjer eg er særskilt positivt.

Sjølv om marknaden for bøker er på veg ned og dei yngre generasjonane i større grad går for dei digitale turguidealternativa, trur Djupedal at Opptur-konseptet og andre vandrebøker har livets rett.

– Ein treng bøker for inspirasjon. Det er ikkje så enkelt å finne alt ein treng på nettet, for det er så mykje å velje i. I eit redaktørstyrt medium som ei turbok er det nokon som var gjort valet for deg. Det gjer det litt enklare når du skal ut.

 

Forfattarens turfavorittar

Når det kjem til favorittar blant turane, har Djupedal mange. Han er glad i klassikarane Aurlandsdalen, Vettisfossen, Fanaråken og Kongevegen over Filefjell.

– Om eg skal dra fram ein av dei største klassikarane, må det bli Keipen – ein av dei flottaste, men også mest krevjande turane i Sogn. Toppen er som ei kvass knivsegg, men for å komme dit må du først klyve motbakken på nesten 1500 høgdemeter. Undervegs må du hugse at slitet betalar seg på toppen.

Han trur alle vil finne ein favoritt. Turar i bratt terreng har vorte populært. Med betre skilting og informasjon er det enkelt å finne fram.

– På dei 20 åra eg har jobba med Opptur-serien, har tilrettelegginga i naturen vorte mykje betre. I Opptur Sogn har eg plukka fotturar for alle, med eigne kategoriar for blant anna dei høgste toppane, dei lengste motbakkane, dei ti med den beste utsikta og ikkje minst sherpatrappane – som er eit heilt nytt fenomen og ei moderne tilrettelegging som gjer at endå fleire kjem seg ut.

 

Fakta

Forfattar Torkjell Djupedal (f. 1957) starta Selja Forlag i 1996. Opptur Sogn og Fjordane var den første boka i Opptur-serien, utgjeve på Selja Forlag i 2005. Opptur Sogn, som blir utgjeve i 2026, er bok nummer 17 i serien. Ho kjem på Calazo Forlag, Nordens største kart- og bokforlag, som har gjeve ut 140 friluftsbøker og 350 kart i Norge, Sverige, Danmark, og Finland.

Tekst: Julie Maske

9789189880559_01

Varukorg 0

Din varukorg är tom

Börja handla